Gardsturisme i Bø


Bø gardsturisme formidlar gardsferie og overnatting for 17 gardar i Bø, Lunde og Sauherad. Vi ønsker gjester velkommen til å overnatte i idylliske hus og stabbur på gardstunet. Vi tilbyr ein barnevennleg opphold på gården med dyr, gode leikemuligheter, bading, padling, sykling og fiske. Noen av gardene passer ekstra godt for dei som har lyst til å oppleve å stemningen med å bo i tradisjonsrike hus med langbord, framskap og kronsenger.

Vi har formidla gardsferie med overnatting i 25 år og vertskapa gir uttrykk for at det er ei glede å ta imot så mange hyggelege gjester på tunet, og gjestene kvitterar ofte med å kome tilbake fleire år på rad.

Det starta som eit LUF prosjekt for å prøve ut organisering  og administrasjon for gardsturisme på lokalt nivå. Bak prosjektet stod faglaga innan jordbruket i Bø – Bondelaget, Avløysarlaget og Skogeigarlaget  - sammen med Bø bondekvinnelag og Bø museum.

Vi har alltid lagt vekt på at det var hus som allereie stod på garden slik som eldhus, kårhus og stabbur som skulle nyttast i staden for å bygge nytt.  Ved det oppnår vi både å skape ei unik atmosfære for gjesten og å ta i bruk bygningsmasse som elles ville kunne forfalle.


I 2011 avslutta vi  eit prosjekt som heiter "Grøn Glede på tunet" Prosjektet skal medverke til at vi bli enda betre til å tilby gjestene våre aktiviteter og opplevingar knytta til garden, lokal kultur og den flotte naturen rundt oss.

Vi er medlem i Reisemål Bø og Bø reiselivslag.
Styret i Bø gardsturisme i 2013:
Leiar: Halvor Eika
Nestleiar: Bård Kleppe
Styremedlemer: Knut Midtbø og Marianne Røhr Fehn
Dagleg leiar:  Valborg N Lindgren.
Org nr 971 325 755MVA

Medlem av Reisegarantifondet

Heimesida til Bø gardsturisme

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar