mandag 30. november 2015

Stor pus!

Hahah, Main coon kattunge. Tanken vår å skaffe seg ein søt liten kattunge før jula. Halvt Main coon stod det i Finnannonsa, men eg reflekterte ikkje noko meir over det før eg i går kveld surfa litt og las litt om rasen.. Verdens største tamkattkase!! Hankatten kan bli opp til 10!!! kilo. Wææh!

I dag er dagen små og store har venta på. Utpå ettermiddagen skal me reise og hente katten. Heldigvis ønskja me oss ei hokatt, og denne skal ikkje bli fult så stor som hannkatten. Ho ser dessutan litt mildare ut i ansiktet, det blir spennande å sjå om ho ser lik ut i røynda. Me gler oss framleis, men med litt meir skrekkblanda fryd no.


De skal få sjå bilde i kveld;-)
Bilder frå Finn-annonsa, november 2015

søndag 29. november 2015

Kakemenn og andre typer

 
Berre to dagar att til me skal hente pus!!! Me kortar med ventetida med litt førjulsbaking. I helga var det kakemenn som stod for tur. Guri land så mange kakeformer ein får etter nokre år der ein har gløymt ut kor ein lagra dei. Men det gjer at utvalet er stort når ein etterkvert får samla alle saman. Kakemenn er super enkelt å lage, men osar av jul likevel:

Oppskrift på kakemenn 

Smelt 200 g smør og bland med 4 dl H-mjølk. Ha i 6 dl sukker og 2 ts hornsalt. Rør til slutt i 2 liter kveitemjøl, ha i halvparten av mjølet fyrst og ha så i resten når deigen er klumpfri.

La deigen stå kaldt i nokre timar før du kjevlar ut og lar ungene trykke ut kakefigurer.

Steik på 175 grader i 10 min.

Kos dykk!

torsdag 26. november 2015

Ny pus

Me skal få oss pus, ein til. Heile huset gleder seg. Me håpar det gjeld vår gamle, gode 11 årige Pus også. Tanken er at denne skal få ein ven og alliert som ho kan jakte det aukande talet mus saman med.  No lev musene førebels eit festliv i forautomaten inne hjå hønene. Det er på tide å slå litt tilbake med ein frisk og energisk liten katt som vil vere akkurat passe stor når våren og nye musungekull kjem.



Det er klart at me også syns det er litt stas og ekstra kos med kattunge desse inne-kveldane som ligg fram føre oss no. Jula er heimetid, og nyttår også. Så da passer det godt at me innfører denne nye familiemedlemen desse dagane som me likevel har god tid. 

Me gler oss! Kos dykk med den nydelege novemberdagen.

onsdag 25. november 2015

Førjulstid



Frostmorgonar, mørke ettermiddagar. Lett dryss av den fyrste snøen som vil regnar vekk nokre gonger før den legg seg og blir verande ei stund. Merksemda vender seg innover, inn i tunet og inn i heimen. Eg vil gjer det så koseleg som mogeleg desse kalde dagane. Gjer det hyggeleg med lys og varme inne i huset, innbydande og inviterande utom.















I kveld skal me ha besøk - kverdagsbesøk og pinnekjøtt. Framleis er det rosemarin att i drivhuset, men elles er drivhuset no rydda og tømt. Litt rosemarin i pinnekjøttgryta også kålrotstappe, det blir bra.

Ha ein nydeleg november!