mandag 30. juni 2014

Ved Telemarkskanalen

Langs Telemarkskanalen fins det mange perler, ei av desse er Vrangfoss sluser. Det er det største og flottaste av sluseanlegga i Telemarkskanalen og då me var ved slusene fekk me sjå slusing av båtane Victoria og  Telemarken.

Litt om Vrangfoss sluser
Det består av fem løftekammer med ei samla løftehøgde på 23 m. Før kanaliseringa gjekk Vrangfoss innpå to km med eit fall på 25 meter gjennom eit trongt fjellskar med høge utoverhengande sider. Anleggsarbeidet ved Vrangfoss frå 1887 til 1892 var svært omfattande: To kilometer stryk, djupt nede i kløfter og skar vart regulert til ein dam og ein kanal. Den gamle nåledammen vart erstatta av ny betongdemning i 1962. Demninga, som er 32 m høg og 21 m tjukk, demte opp vassdraget til Lunde med eit par meter. Vasskraftene blir utnytta i kraftverket ved Vrangfoss. Før kanalen sto ferdig var Vrangfoss sjølve flaskehalsen i tømmerfløtinga på vassdraget. Det het seg at tømmeret kunne bli liggande i Vrangfoss i fleire år, at det ofte ikkje lyktas å få laus alt det gamle tømmeret før det kom nytt, og at opptil 14 mann var sysselsatt året rundt med å få tømmervasane laus. Gnissingane i tømmerhaugane kunne til og med føre til at det gikk varmgang i tømmeret så det tok fyr.


Me fekk også prøve bacalao på restaurant Slusemesteren i svært sjarmerande omgivnader. http://www.slusemesteren.no

Vidare kjørte me til Ulefoss og medan me smakte på isen ved Ulefoss sluser fekk me sjå att Victoria og Telemarken som vart slusa ned til Nordsjø: http://www.skiensvassdraget.no/tur-fra-ulefoss-sluser-til-vrangfoss-sluser



mandag 2. juni 2014

No ventar me berre..

I kaninburet førebur kaninen eit lunt reir til små, nakne kropper, no er det berre ei veke til ungene kjem. Egga i rugemaskinen vil byrje å pipe midt i juni. Gullerøter, redikk, tomat, squash, salat, persille og basilikum m.m. godgjer seg i solvarm jord. Me har allerede fått kjenne på sommar og badevatn i elva. No manglar berre turistar i gamlehuset, så kan sommaren byrje.

mandag 5. mai 2014

Nokre veit å nyte dagane..

Det er gode dagar. Frå dei fire sauene me har fora på i vinter kom det sju nye og velskapte lam. Desse  nyt den varmande vårsola og det friske graset nede ved elvebeite. Fleire av lamma er nysgjerrige og kjælne, særleg denne som er på bilde. Ho legg gjerne hovudet i fanget ditt og nærmast loggrar når du stryk handa over den krøllete og mjuke ulla.

mandag 21. april 2014

Vårens fyrste lam

I natt kom det fyrste lammet til Bruserud og det var vår gamle og gode sau Hopp som vart mor. Sjølv om det berre vart eit lam er det til gjengjeld friskt og stort. Me ventar i spenning på fleire lam dei kommande dagane.


mandag 24. mars 2014

Våren på Bruserud

Me gjer klart plassen vår for ein ny sommar på Bruserud. Allereie er me booka for ein månad med gjester frå inn- og utland. Det teiknar til å blir ein verkeleg knallsommar og aldri har me vore meir førebudd og spente på sesongen med gardsturisme. Velkomne skal de vera både tidlegare og nye turistar. I tillegg ønskjer me gode og gamle vener, samt familie hjarteleg velkomne. De er alltid godt å fylle huset med fine folk!

Som Haldis Moren Vesaas seier det:

Og den som er rik vil ha seg 
eit hus som er såleis bygt at alle som høyrer til huset  
kjenner det godt og trygt, og såleis at framande gjerne 
kjem innom dørene der og auker den rikdom som finst der før med alt det dei sjølve er.

Ha ein fin vår så lenge!

onsdag 5. mars 2014

Sola og våren!


Me ventar på våren alle. Sjølv om de framleis ligg snø på jordene, trur me at sola som er meldt i neste veke vil smelte bort og tine opp rundt oss. Då kjem det gras og spirer, me gler oss!