fredag 23. august 2013

Gulrot-hausten, Guro og kaninene.



Sjølv om gardsturistane er farne for i år, er det framleis noko å finne på i hagen. Grønsakene bognar over og er klare til å haustast inn. Er det nokon som ønskjer seg kanin, forresten? Desse to søte og  brune har ikkje fått nokon heim enda.

Mykje rart..



Ein kveld vart badeplassen ved Bøelva fylt med fargerike badedrakter frå 50 – talet. Studiestart var på trappene og damene ved Institutt for forming og formgiving på HiT plaska semesteret i gong.



tirsdag 6. august 2013

Litt uskarpe kaninunger


Men dei er verdt å vise fram like vel. Søtere enn desse kan det knapt bli. No er dei snart tre veker gamle, ein brun, to grå og to kvite med prikker.